fredag 13. februar 2009

Skifte av ståstad

Eg har hatt nokre interessante og lærerike månader i Brussel. Det har vore eit privilegium å sitje nær maktapparatet og følgje utviklinga i det europeiske samarbeidet.
Det er påfallande at når den regionale kommissæren summerer utfordringane i åra framover, ja, så samsvarar det med mi oppleving også frå fylket: Energi, demografi, klima.

Rett nok har det første punktet motsett forteikn – for oss er energi ei moglegheit som kan hjelpe både oss og andre, medan vi aukande grad vil bli påverka av dei to dei to siste utfordringane.

Det har vore givande å sjå 27 land som dagleg arbeider med å etablere felles mål, utvikle prosessar med siktemål konsensus for så å ende opp i ei ulik evne til gjennomføring. Balansen mellom parlament og ministerråd med ein noko svekka kommisjon, er krevjande og lærerik.

For oss som har valt ei anna tilknytingsform, er det greitt å vite at vi er den nest størst som fiskeleverandør og på 3. plass når det gjeld gass.

Det var overraskande for meg å oppleve kor mange prosjekt fylket vårt deltek i saman med EU. Eg har registrert 35 prosjekt av ulik storleik. 27 av desse finn vi på ulike skular i fylket. Det er gjort eit godt arbeid med å få særleg vidaregåande skular til å delta i internasjonalt arbeid. I tillegg finn vi 5 innan miljø, 2 innan kultur og eitt innan IKT. Denne utvekslinga av kompetanse tener minst to føremål – faktisk læring i fag og auka kulturelt samkvem.

Når 73 % av avgjerdene innan EU påverkar direkte kommunesektoren i Norge, så er det godt å kunne få med seg at det er eit sterkt engasjement innan KS Sogn og Fjordane om i større grad å prøve å komme i forkant av avgjerdsprosessar slik at dei reelt kan få påverke.

For eller i mot EU? Spørsmålet kjem stadig når du kjem heim. Men det blokkerer for det som er vesentleg: 27 statar i Europa har funne eit fellesskap. Vi har valt ei anna tilknytingsform. Vi må påverke avgjerdene fordi dei påverkar oss. Det er vanskelegare når du er utanfor fellesskapet, men det er valet vi har gjort.

Eit gammalt ord seier at ståstaden pregar utsikta. Brussel har vore ein spennande ståstad, nå skifter eg tilbake til Norge. Slettes ikkje noko dårleg land å bu i under finanskrisa.

Takk til dei som har følgt meg i bloggtilværet.

onsdag 4. februar 2009

EU-kommisjonen og Norge

Kommisjonen i EU kan best samanliknast med den norske sentraladministrasjonen. Dei utarbeidar framlegg for Europa-parlamentet og dei skriv ut direktiv. Framlegga med lover og tiltak kjem så opp til drøfting og Parlamentetet skal etter kvart også bli samde med ministerrådet. Det betyr at sakene ofte tek seg nokre rundturar. Det er eit interessant maktspel der Parlamentet har fått ei stadig sterkare rolle i høve kommisjonen. Men der ministerrådet også markerer seg sterkare.

Det fører ofte til at vedtaka blir smidd til kompromiss og omforeina løysingar. Det er ikkje heilt lett for EØS-landet Norge å komme i ettertid og hevde at vi vil ha eit anna resultat.

Det er 27 personar som styrer kommisjonen – ein frå kvart medlemsland. Truleg ein krevjande konstruksjon med ulike kulturar som skal arbeide og stå fram saman. Dei har kring 11 000 årlege møte der 23 språk skal ha si oversetjing. I tillegg er det inne ei rad med ekspertar frå andre land. Berre frå Norge er det til dømes inne tre personar som ekspertar på bruk av IKT.
Kommisjonen er på kring 32 000 menneske. 3000 av desse arbeidar som tolkar. Administrasjonen er av storleik tilsvarande ein middels stor by i Europa. Dei skal tene felleskapet til 550 millionar menneske.

Departement og sentraladministrasjonen i Norge hadde for eit snautt år sia 19 052 tilsette. Tala kan slett ikkje samanliknast direkte, men i Norge er det 4,8 millionar innbyggjarar.