mandag 15. desember 2008

Neste generasjon internett

Den 24. januar 1996 lanserte vi Fjordinfo i Sogn og Fjordane som særleg skulle arbeide med tenester til offentleg sektor. Det var den første regionale tverrsektorielle internettbaserte informasjonstenesta for fylket ja, truleg den første i landet. Og vi var langt frampå med mange spennande nasjonale og internasjonale prosjekt. Vi fekk også den første skikkelege nettavisa i fylket, Sofie.no. Glimrande redigert av Arne Eithun og heile tida aktuell, men dessverre for tidleg til å hente annonsekronene.

EU-kommisjonen er nå i ferd med å leggje planane for neste generasjonen internett – web 3.0.

Bruk av mobilt internett saman med bruk av radiobrikker er teknologiane som gjer det mogeleg å skape eit nytt internett for utvikling av rimelegare tenester på ulike område.

6. oktober møttest ministrane for å drøfte det framtidige internettet. Fokus var da på fiberutbygging, utviking av nye tenester og styring av det framtidige internettet. Dette vart så lagt fram på Kommisjonen sitt møte den 27. november saman med ein kompromissversjon av ein ny telekompakke.

Og her er vi inne på politikk: Telekompakken er eit omfattande framlegg til reform av regelverket som styrer elektronisk kommunikasjon.

For det skjer store ting innan EU sine overordna organ nå: Unionen ser at breiband har vore ei av dei viktigaste drivkreftene for utviklinga av samfunnet. Samstundes ser dei at teknologiske tendensar med svært snøgge, trådlause teknologiar vil stø opp om endringane saman med bruk av radiobølgjer og brukarskapt innhald

Også her tek EU sikte på å ta ein førarposisjon i utviklinga av neste generasjon internett. Kommisjonen førebur nå eit knippe av tiltak for å vere budd på den neste bølgja innan informasjon. Ei bølgje som aukar i styrke som følgje av veksten i sosiale nettverksaktivitetar Ei endring frå det nokon kallar Web 2.0 for fun til kommersielle, produktivitetsaukande online-tenester. Det som populært blir kalla Web 3.0 (The Internet of Things) står for næringsverksemd, underhaldning og sosiale nettverksaktivitetar med snøgge og sikre nett.

Det nåverande skiljet mellom mobile og faste linjer vil gradvis forsvinne. Vi får the wireless Web der all infrastruktur blir internettaktivert. Disse tendensane vil påverke arbeidslivet og opne for nye forretningsmodellar og arbeidsformer.

Men før vi er der, kjem det eit spennande endringsframlegg for å sleppe inn dei mindre teleaktørane på bana. Overgangen frå kopar til fiber ønskjer kommisjonen skal skje i full konkurranse. Dei har utarbeidt utkast til prinsipp for regulering av fibernettutviklinga slik at konkurrentar skal sleppe til på lågast mogeleg nivå i høve dei dominerande. Rett nok må dei betale eit risikotillegg, men framlegget har naturleg møtt lita entusiasme frå dei store nasjonale. Telenor har heller neppe jubla over denne saka.

Men i mellomtida får vi gle oss over at det er både snøggare og betre tenester undervegs.

fredag 12. desember 2008

Kaffikos med bismak

Som utplassert observatør, er forholdet mitt til EU det mest nøytrale. Men eg tykkjer Kommisjonen har fått det leitt . Dei har beint fram fått ein slett start på morgonen den siste tida.

I ei melding som kom ut her om dagen, går det fram at ein del tilsette i Europakommisjonen no må kjøpe med seg kaffi frå næraste serveringsstad. Dei tjue kaffimaskinene hjå kommisjonen er nemleg fråkopla etter at det vart avslørt at kaffien er forgifta. Ein av dei tilsette syns kaffien smakte så ille at han sende ein prøve heim til eit laboratorium i Austerrike. Prøveresultatet fekk byråkratane til å setje kaffien i halsen. Kaffien inneheldt nemlig 16 prosent meir bly enn tillate og hele 17 000 prosent for mykje nikkel.

Kaffifadesen har fått rikeleg omtale i media, mellom anna i nettavisa EUobserver
. Den italienske produsenten av kaffimaskinene er knapp med kommentarane sine – det same kan ikkje seiast om EU-motstandarane. Historia har nemleg avdekt at dei tjue maskinene til saman kosta om lag 800 000 kroner, ein sum EU-motstandarane meiner er eit godt døme på den omfattande pengebruken i Brussel. Ein talsmann for kommisjonen seier det er noko tidleg å spørje om ein skal be om å få pengane tilbake. Inntil vidare må dei høgtståande byråkratane som hadde tilgang til kaffimaskinene, drikke kaffi saman med vanlege byråkratar.

På Vest Norge sitt Brusselkontor har vi strålande kaffi – heilt utan asfaltsmak. Men så har vi heller ikkje Cimbali-maskiner.

onsdag 10. desember 2008

Øl

Det er tider da ein må prioritere. Det er tøft, men i år må eg faktisk stå over julebrygginga. Det er utfordrande at det faste laget skal få råde grunnen åleine. Det å avgjere fargevalet og å setje grenser for kor søtt ølet skal vere, det er i grunnen mitt område – men ikkje i år.

I år har eg via meg til ei større sak. Brussel og Belgia handlar ikkje berre om sjokolade, teikneseriar, kniplingar og vaflar. Dei har også eit ukjent tal ølsortar her, og det er på dette fagområdet eg på sett og vis er utskremt medarbeidar frå bryggjarlaget på Leikanger. Ja, på Delirium Cafè blir det hevda at dei har 2000 ulike ølval. Dit torer eg ikkje gå. Det er viktig med grenser.

Men eg har fått det systematisert av ein ivrig øl-skribent som så langt har identifisert 50 klassiske grupper av øl. Han fortel ei rørande historie om at det truleg starta med gardsbrygging på Vestlandet, kunsten gjekk over Nordsjøen til England før det kom hit. Han undrar på kvifor vi nordmenn ikkje lagar øl med molter.

Tenk det! Molteøl! Men så lite molter som eg fann siste året, er det uansett lite aktuelt. Eg er dessutan usikker på om framlegget vil falle i god jord hos ølbryggjarane heime.

Men ølet i Belgia: Du kan starte med å skilje mellom det lyse pilsliknande blonde eller det mørke donker eller bruin. Styrke og farge har ikkje noko med kvarandre å gjere.

Så har du det meir verdsette trappist-ølet der oppskriftene kjem frå munkar. I Belgia er det seks slike kloster og alt overskot går til gode føremål som munkane elles tek seg av. Derfor ser dei rart på deg om du er så enkel at du berre bestiller éin øl.

Det er venta at ein smakar på mangfaldet – om det er ein blond eller bruin, ein geuze eller ein abbey. Mange meiner at Duvel er det beste ølet, men det har ein styrke på 8,5 % og ja, -. Du veit.

Det enkle er å ta ein Stella Artois. Da signaliserer du at du er ny i byen. Det mest eksklusive er Trappist. Klosteroppskriftene har merke som Westmalle, Chimay eller Rochefort. Det er forresten dissens blant nordmenn som eg har treft, om kva som er det beste.

Det kvite ølet i Belgia er kjenneteikna av at basisen bygg er bytt ut med kveite. Samstundes får det ein særleg karakter ved at ein tilset sitrusfrukter med Curraco attåt. Ølet er høgt akta, og framkallar som oftast anerkjennande nikk heilt heim til Vestlandet.

Det er snålt, men i belgiske ølsortar er det tilsetningar som vi aldri har komme på under meister Jon si styring på Leikanger. Rett nok har vi fått med oss at vi kan bruke kandis, men krydder, kirsebær, sjokolade, honning eller ulike rotvekstar – slikt har aldri vore i vår fantasi. Kierk er faktisk eit høgt akta øl blant belgiarane – søtt og raudleg – tilsett kirsebær, morellar eller bringebær. Og der andre nyttar mest bygg, så slår belgiarane til med kveite og rug.

Heller ikkje gjæringa er nett som vi er vande med. Her set dei til gjær fleire gonger. Ofte er det også ettergjæring i flaskene. Lambic-ølet blir bryggja utan tilsetning av gjær. Vørteret som vert laga, gjennomgår ein spontan gjæringsprosess i kontakt med luft. Det mest eksklusive og kanskje mest spesielle av denne øltypen, er ein Geuze. Dette ølet kan ha vore lagra i fleire kjellarar og på ulike fat i seks år før du får det servert på baren med det festlege namnet A La Morte Subit (brå død). Det er mykje å lære her, og mykje nytt. Men eg kjenner meg att i tilsetjinga av humle, det styrer kor bittert ølet skal vere. Her brukar dei også gjær til det same.

Eg har nok forstått kvifor bryggjarane heime utan protestar let meg få fri frå julebrygginga i Leikanger. Dei tek for gitt at eg går vitskapleg til verks i belgiske ølslag, og at eg kjem heim med ny vitskap til neste års julebrygging. Enno veit dei ikkje at det meste av kunnskapen har eg googla meg fram til. Eg har mellom anna lært mykje av å lesa det
Torgeir Anda skriv i Dagens Næringsliv. Etter kvart testar eg også det som er skrive. Men det er grenser for kor mykje ein skal ofre for forskinga.

mandag 8. desember 2008

Meir tillit – mindre kontroll

Eg har vore og høyrt på dei fremste innan IKT i Europa. Seks kloke menneske spreidde seg rundt eit bord, mildt og bestemt leia av EU-kommisæren for det som heiter Information Society and Media.

Dei hadde fått ein grei tittel – sett agendaen for IKT-utviklinga det komande 10-året. Svaret kom kjapt – det er for lang tid. Endringane skjer snøggare. Og det er ei stormande utvikling. Vi finn internett som drivkraft for mykje av den utviklinga som skjer både økonomisk og sosialt.

Men etter kvart som debatten mellom desse kloke hovuda utvikla seg, kom det fram eit anna aspekt – det var etablert for mykje kontroll som gjorde at utviklinga stansa opp. Det er EU sitt kontroll-regime som etter kvart legg ei lammande hand over dei initiativrike som søkjer etter prosjektmidlar. EU har sett av 70 milliardar kroner til forsking innan IKT i perioden 2007-2013. Desse midlane skal vere spydspissar i den målretta innsatsen på å nytte IKT innan helse, forvaltning, utdanning osv.

Og så vedgår kommissæren at - jau, ho har ikkje fleksibilitet. Budsjettet blir låst, midlane blir lyst ut, det må rapporterast og rapporterast.

Ein norsk byråkrat kjenner seg att: Vi blir stadig betre på tilsyn og kontroll. Men stansar vi også utvikinga? Og kva er så alternativet?


”Shift from certainity to trust”, var svaret som kom ut av drøftinga.

Kommissæren? Ho sukka og nikka.

onsdag 3. desember 2008

Klima på programmet

© Solfrid Helvik Ved sidan av finanskrisa er det klima og energi som står øvst på dagsordenen i EU. Særleg er det fokus på energi som kan gjenbrukast. EU har heilt klåre ambisjonar: Unionen skal vere leiande i verda og meiner å ha både menneskelege, tekniske og finansielle ressursar til å ta denne leiarrolla.

EU arbeider med fleire pakkar. Målet er semje til møtet i Parlamentet den 17.desember.

Statusrapport frå Kommisjonen kom 28.november. Eit aktivt fransk leiarskap jobbar nå på høgtrykk med å få til kompromiss. Samstundes er det store forventningar til den nye amerikanske presidenten.

Sjølv om det gjerne er reduksjonsmåla som får fokus, er tilpassingsdelen også sentral. For endringane i klimaet er påviselege. EU meiner at dei mest utsette områda i Europa er kring Middelhavet (tørke og varme) og lengst nord. Temperaturauken vil bli høgare i Arktis enn nokon annan stad, medan det i Skandinavia blir mildare og meir nedbør.

Finnane la fram ein strategi for klimatilpassing i mars 2007 medan svenskane var på bana i oktober same året. I Noreg varslar regjeringa at dei ville starte opp arbeidet i vinter.

Det er harde tautrekkingar om kor store usleppsreduksjonane skal vere i kvart medlemsland. Det er uansett eit faktum at vi har passert ein terskel der endringane er godt synlege. Bjerknessenteret har nett levert ein rapport som syner at berre stiginga av havet vil føre til store konsekvensar for oss. Strandtomter får naturleg nok redusert verdi når vatnet skvalpar over. Ekstremvêr er visst noko vi må venje oss til.

I spådommar som blir trekt fram blir det likevel peika på at endringane vil slå ulikt ut i ulike regionar. Og i Noreg ser det ut til at vi alle får det mildare, og sommaren kan jamvel bli tørrare. Det betyr også lengre vekstsesong, meir vasskraft, nye treartar og nye insekt. Og ein turisme i endring. For slik er det: Naturen endrar seg når det blir varmare, gir nye artar, ny vekst og endra føresetnader for oss alle.

EU la i 2007 fram sitt diskusjonsdokument som dei kallar ”Adapting to Climate Change in Europe”. Dokumentet var ute på høyring same året, og det er venta at EU dreg konklusjonar i 2009.

I Noreg er vi i startgropa.

mandag 1. desember 2008

Avstandar

Eg har vore i Paris. Ein togtur frå administrasjonssenteret Brussel til metropolen Paris tek 1 time og 20 minutt. Når eg køyrer frå Leikanger til Førde, går det med knappe to timar – og da er det sommarføre.

Stundom er hovudet feil innstilt.

torsdag 27. november 2008

Territorial cohesion eller territoriell samhørighet

© Solfrid HelvikTungt språk? Ja, ille på engelsk og det beste som kan seiast om det norske omgrepet, er at det er ei godkjent omsetjing til bokmål.

Men bak desse orda skjuler det seg eit høyringsdokument i EU som inviterer til å drøfte korleis vi skal få til betre samhandling mellom sektorar og meir lik utvikling i ulike geografiske område. Om politikarane greier å samordne måla for dei ulike sektorane, kan samarbeid og samspel gje positive resultat. Dokumentet framhevar at mangfald i dei geografiske områda er viktig også av miljøomsyn.

Dette er ei vidareføring av den regionale politikken. Cohesion policy er eit omgrep som har utvikla seg ”i londi” dei siste åra. Det er eit ønske om å få dei ulike regionane i Europa nærare kvarandre. Det er stor ulikskap i Europa, ikkje berre mellom landa, men også innan kvart land. Det blir leita etter nye indikatorar, for velstand i eit land betyr ikkje at det er god fordeling i heile landet. Det må ei betre fordeling til mellom urbane og rurale strok.

Politikken skal hjelpe til å utnytte dei geografiske områda på ein best mogeleg måte. Han kan også bidra til å gi felles tilbakemelding på utfordringar og rive ned administrative grenser. Og - det blir reist spørsmål ved om vi bør innføre eit nytt nivå for politikkinngrep – det vil seie politiske inngrep over dei lokale, nasjonale eller jamvel internasjonale grensene. Søylepolitikken blir nedtona – nå er det tenking på tvers som gjeld.

Det betyr at sektorpolitikken skal tonast ned til fordel for meir på tvers-tenking. ”Governance” er eitt ord som blir nytta her. Samstundes bør det kunne slå positivt ut for statstøtte som t.d. differensiert arbeidsgivaravgift.

EU med nær 500 millionar innbyggjarar, reknar på at dei har 5000 byar og 1000 storbyar. Byar er dei som har mellom 5000 og 50 000 innbyggjarar. EU reknar seg for å vere langt mindre urbant enn USA og Asia, og peikar på at i EU bur berre 7 % av innbyggjarane i storbyar med meir enn 5 millionar menneske. I USA bur 25 % av innbyggjarane i storbyar.

I dokumentet blir det hevda at eit ruralt, eller landleg busetjingsmønster gir betre livskvalitet. Det er også meir ressurseffektivt og bidreg positivt til klimaet. Det økonomiske mønsteret er likevel meir ujamt enn busetjinga. Det er økonomiske føremoner med konsentrasjon av aktivitetar, men det er også kostnader med høge eigedomsprisar, ureining og sosiale problem. Meir balansert og berekraftig utvikling gir betre utnytting av verdiane, økonomiske føremoner med mindre kostnadspress og eit betre miljø og livskvalitet.

Og det blir lagt til: Å knyte saman område betyr i dag meir enn gode transportløysingar. Det stiller krav om helse og omsorg, utdanning og fornybar energi, god breibandtilgang, pålitelege liner til straumforsyninga og gode nettverk mellom næringslivet og forskingssenter. Ujamn kvalitet på vegar og offentleg transport blir framheva som uheldige faktorar når ein skal knyte område, eller regionar saman. Skal ein lykkast, må EU lage felles planar for t.d. tele, kommunikasjon o.l. Kort sagt: Midlane må samordnast mot ei felles overordna fordeling.

Det er mest så eg kjenner meg att – midt i EU-land – vi som bur på Vestlandet er ikkje åleine om problema, og i EU blir det jamvel peika på løysingar: For å løyse desse og andre problem effektivt, må politikken svare med ulike geografiske tiltak og vi må innføre samarbeid mellom lokale styresmakter og jamvel mellom land. EU deler territoriet sitt opp i ulike område og peikar på at fjellregionar - og der er nok Vestlandet – har 10 % av folketalet i EU og at 1/3 av desse bur i rurale område.

Kva kan så dette bety for oss vestpå? Ja, utviklinga av EU sin regionale politikk har ei rad med indirekte konsekvensar. Regionale stønadsordningar ligg under EØS-avtalen. Det er derfor viktig å følgje prioriteringane innan EU som igjen vil få innverknad på norsk statsstøtte. For vi deltek i fleire EU-program. Interreg er eitt av desse. Dersom programmet blir vidareført etter 2013, vil vi møte att prioriteringane for stønad etter denne politikken. Samstundes – og minst like viktig: Differensieringa av den norske distriktspolitikken vil få betre arbeidsforhold etter desse linene.

Men her er meir:

Dokumentet framhevar dei tre C’ane: Consentration – vinne over ulikskapar når det gjeld folketettleik, Connection – vinne over avstandane og Cooperation – overvinne oppdeling.

Høyringsdokumentet er eit såkalla grønt dokument som skal vere grunnlag for debatt i EU-systemet. Det er lista opp ei rekkje spørsmål til drøfting. Her nokre av dei:
• Bør EU bidra til å fremje betre samspel i dei geografiske områda
• Bør det etablerast nye former for lokalt samarbeid
• Bør det utviklast nye lover og leiarverktøy for å lette samarbeidet
• Korleis kan koordineringa mellom lokale og sektorielle politikkomåde bli betra
• Bør enkelte sektorar lytte meir til lokale utfordringar når politikken blir utforma
• Bør utviklinga av eit større fellesskap innan eit område også ta med nye aktørar når politikken skal formast, t.d. frivillige organisasjonar

For dokumentet som er ute til høyring, er det gitt ein tidsfrist for kommentarar ut februar neste år. Fylka får det ut til høyring i desse dagar og skal gi tilbakespel til Kommunal- og regionaldepartementet.

Betre samarbeid og samordning mellom sektorane – særleg i grisgrendte strok – ja, det kan vere at EU har tiltak som også kunne gjort nytten hjå oss? Kan dokumentet bidra til å styrke debatten i Norge om desentraliering av makt og ei betre samordning av sektorane? Kva er våre sårbare samfunn og har vi ei medvita halding til at dei har ein sjølvstendig verdi? Kva betyr klimaspørsmåla i høve spreidd busetnad?

Les heile høyringsdokumentet på engelsk

mandag 24. november 2008

Sjømat i Brussel


© Inge DøskelandTorsk eller blåskjel? Cabillaud eller Moules et pommes frites? Det er slett ikkje lett å finne ut av menyen når fransk er talemålet, når servitøren tykkjer du bør klare verdsspråket og du sjølv har ein rusten artium frå urtida. Men eg har funne ut at ein kjem langt med Cabillaud eller Moules et pommes frites dersom målet er eit godt fiskemåltid. Og eit godt fiskemåltid bør du unne deg om turen går til EU-hovustaden Brussel.

Heime på Vestlandet balar vi framleis med å produsere blåskjel i Sognefjorden. I Brussel er dei komne eit steg lengre i næringskjeda. Her får du servert ein stor bolle med blåsvarte blåskjel. På kjøkenet startar prosessen med at kokken tek fram ein kasserolle, denne får ein god vin i botnen, masse selleri, kanskje litt kvitløk og kalde, nyvaska blåskjel oppi. Når skjela har dampkokt så lenge at dei opnar seg, er retten klar for servering. Så enkelt, og så godt. Attåt får du kanskje loff, men aller helst pommes frites.

Kombinasjonen av blåskjel og pommes frites er ein belgisk spesialitet. Belgiarane har like godt slege saman namna - Moule som er nemninga på blåskjel og pommes frites som vi kjenner att frå nynorsk. Godt, velsmakande og spesielt. Ein kvitvin attåt også, så er livet godt å leve. Brussel er, som du forstår, ikkje berre tørre direktiv og EU-politikk. Sjølv byråkratar blir svoltne, og som fersk hospitant får eg vatn i munnen av alle restauranttilboda.

Byen har eit fiskestrok der dei gode restaurantane står i kø. Bij Den Boer er ein slik stad. Ein enkel, liten restaurant med topp service. Og det var der vi prøvde torsken - Cabillaud. Torsk har eg opplevd som himmelsk både i Florø, Kalvåg og på Hafslo. Men på Place St. Catherine var det verdige konkurrentar: Gode kokkar - fine råvarer - og dei rette tilsetjingane. Vi fekk eit perfekt stykke torsk servert på ei seng av spinat, potetpure, finhakka løk og paprika. Pris? Tja, om lag kr 220 for hovudretten. Prøv Cabillaud neste gong du er i det fransktalande Europa.

torsdag 20. november 2008

Nær makta

Nær 300 europeiske regionar har kontor i Brussel. Seks av desse er norske regionkontor. Kontora skal vere døropnarar og lyttepostar, informasjons- og kontaktformidlarar og skal også gi prosjektinspirasjon og –informasjon. Kommunikasjonen går mellom Noreg og EU, men også mellom regionkontora.

Alle fylka er med i eitt av dei norske regionkontora. Sjølv er eg for tida hospitant ved Vest-Norges Brusselkontor. Kontoret er slett ikkje stort. Vi har éin direktør, éin trainee – og underteikna. Jobben vår er å sjå Møre og Romsdal, Hordaland, og Sogn og Fjordane i eit EU-perspektiv. Vi held til i same huset som den norske EU-delegasjonen og ambassaden. Kontakten er lett og nær.

Og det er nok viktig. I ei undersøking som Norsk institutt for by- og regionforskning (NIBR) nyleg gjorde, synte det seg at 73 % av alle kommunale avgjerder er baserte på føresetnader som EU har gitt. Derfor er nokre av dei primære oppgåvene til kontoret å tilby kompetanseheving gjennom studiebesøk, seminar og ved å handtere førespurnader. I tillegg blir det to gonger i månaden utarbeidd nyhendebrev frå kontoret.

Utanrikskomiteen i Stortinget har streka under at forholdet til EU ikkje kan reknast som ei rein utanrikspolitisk sak. I fjor slo dei fast at EU sin politikk nå grip inn i alle sider ved det norske samfunnet – også dei som tradisjonelt har vore innanrikspolitiske.

Den nære kontakten i Brussel kan illustrerast ved at vi førre veke møtte EU-delegasjonen og vart orientert om dei sakene som stod øvst på dagsorden der. Kontoret møtte kommisærane for kommunikasjon og fisk/sjøfart. Denne veka skal utanriksministeren orientere det norske miljøet om emnet ”Hvordan fremme norske interesser i Brussel?”. Seinare på dagen får vi høve til å drøfte problemstillinga kring dei 73 % med KS sin utsende. Kva tiltak kan gjerast for at norske kommunar betre kan forstå og helst også ta del i prosessane før reglane blir dregne ned over øyrene på dei? Eit eige lunsjmøte med den norske EU-råden for regionale saker høyrer også med. Eit anna tema denne veka er planane som EU nå drøftar om regional utviking i grisgrendte strok. Dette er ei dagsaktuell sak som leiaren av kontoret nå skriv si innstilling på til Vestlandsrådet.

NIBR konkluderer med at forholdet til EU blir stadig viktigare for kommunane. Kommunepolitikken sitt innhald er i vesentleg grad endra som ein konsekvens av EØS-avtalen. Det blir hevda at norsk gjennomføring av EU-politikk gjennom EØS-avtalen delvis er dårleg tilpassa lokale forhold i Noreg. Det blir også nemnt behovet for avanserte løysingar i kommunesektoren som t.d. innan regelverk om vassforvaltning og avfallshandtering.

Det er spennande å sitje nær denne makta som i aukande grad legg premissane for korleis vi utviklar oss. Det er utfordrande korleis vi kan påverke for at også våre interesser blir tekne best mogeleg vare på. Spørsmålet vi må stille oss, er om vi nyttar nok tid på å følgje med. Her skal Brussel-kontoret vere hjelparen, men det stiller også krav til mottakaren.