torsdag 27. november 2008

Territorial cohesion eller territoriell samhørighet

© Solfrid HelvikTungt språk? Ja, ille på engelsk og det beste som kan seiast om det norske omgrepet, er at det er ei godkjent omsetjing til bokmål.

Men bak desse orda skjuler det seg eit høyringsdokument i EU som inviterer til å drøfte korleis vi skal få til betre samhandling mellom sektorar og meir lik utvikling i ulike geografiske område. Om politikarane greier å samordne måla for dei ulike sektorane, kan samarbeid og samspel gje positive resultat. Dokumentet framhevar at mangfald i dei geografiske områda er viktig også av miljøomsyn.

Dette er ei vidareføring av den regionale politikken. Cohesion policy er eit omgrep som har utvikla seg ”i londi” dei siste åra. Det er eit ønske om å få dei ulike regionane i Europa nærare kvarandre. Det er stor ulikskap i Europa, ikkje berre mellom landa, men også innan kvart land. Det blir leita etter nye indikatorar, for velstand i eit land betyr ikkje at det er god fordeling i heile landet. Det må ei betre fordeling til mellom urbane og rurale strok.

Politikken skal hjelpe til å utnytte dei geografiske områda på ein best mogeleg måte. Han kan også bidra til å gi felles tilbakemelding på utfordringar og rive ned administrative grenser. Og - det blir reist spørsmål ved om vi bør innføre eit nytt nivå for politikkinngrep – det vil seie politiske inngrep over dei lokale, nasjonale eller jamvel internasjonale grensene. Søylepolitikken blir nedtona – nå er det tenking på tvers som gjeld.

Det betyr at sektorpolitikken skal tonast ned til fordel for meir på tvers-tenking. ”Governance” er eitt ord som blir nytta her. Samstundes bør det kunne slå positivt ut for statstøtte som t.d. differensiert arbeidsgivaravgift.

EU med nær 500 millionar innbyggjarar, reknar på at dei har 5000 byar og 1000 storbyar. Byar er dei som har mellom 5000 og 50 000 innbyggjarar. EU reknar seg for å vere langt mindre urbant enn USA og Asia, og peikar på at i EU bur berre 7 % av innbyggjarane i storbyar med meir enn 5 millionar menneske. I USA bur 25 % av innbyggjarane i storbyar.

I dokumentet blir det hevda at eit ruralt, eller landleg busetjingsmønster gir betre livskvalitet. Det er også meir ressurseffektivt og bidreg positivt til klimaet. Det økonomiske mønsteret er likevel meir ujamt enn busetjinga. Det er økonomiske føremoner med konsentrasjon av aktivitetar, men det er også kostnader med høge eigedomsprisar, ureining og sosiale problem. Meir balansert og berekraftig utvikling gir betre utnytting av verdiane, økonomiske føremoner med mindre kostnadspress og eit betre miljø og livskvalitet.

Og det blir lagt til: Å knyte saman område betyr i dag meir enn gode transportløysingar. Det stiller krav om helse og omsorg, utdanning og fornybar energi, god breibandtilgang, pålitelege liner til straumforsyninga og gode nettverk mellom næringslivet og forskingssenter. Ujamn kvalitet på vegar og offentleg transport blir framheva som uheldige faktorar når ein skal knyte område, eller regionar saman. Skal ein lykkast, må EU lage felles planar for t.d. tele, kommunikasjon o.l. Kort sagt: Midlane må samordnast mot ei felles overordna fordeling.

Det er mest så eg kjenner meg att – midt i EU-land – vi som bur på Vestlandet er ikkje åleine om problema, og i EU blir det jamvel peika på løysingar: For å løyse desse og andre problem effektivt, må politikken svare med ulike geografiske tiltak og vi må innføre samarbeid mellom lokale styresmakter og jamvel mellom land. EU deler territoriet sitt opp i ulike område og peikar på at fjellregionar - og der er nok Vestlandet – har 10 % av folketalet i EU og at 1/3 av desse bur i rurale område.

Kva kan så dette bety for oss vestpå? Ja, utviklinga av EU sin regionale politikk har ei rad med indirekte konsekvensar. Regionale stønadsordningar ligg under EØS-avtalen. Det er derfor viktig å følgje prioriteringane innan EU som igjen vil få innverknad på norsk statsstøtte. For vi deltek i fleire EU-program. Interreg er eitt av desse. Dersom programmet blir vidareført etter 2013, vil vi møte att prioriteringane for stønad etter denne politikken. Samstundes – og minst like viktig: Differensieringa av den norske distriktspolitikken vil få betre arbeidsforhold etter desse linene.

Men her er meir:

Dokumentet framhevar dei tre C’ane: Consentration – vinne over ulikskapar når det gjeld folketettleik, Connection – vinne over avstandane og Cooperation – overvinne oppdeling.

Høyringsdokumentet er eit såkalla grønt dokument som skal vere grunnlag for debatt i EU-systemet. Det er lista opp ei rekkje spørsmål til drøfting. Her nokre av dei:
• Bør EU bidra til å fremje betre samspel i dei geografiske områda
• Bør det etablerast nye former for lokalt samarbeid
• Bør det utviklast nye lover og leiarverktøy for å lette samarbeidet
• Korleis kan koordineringa mellom lokale og sektorielle politikkomåde bli betra
• Bør enkelte sektorar lytte meir til lokale utfordringar når politikken blir utforma
• Bør utviklinga av eit større fellesskap innan eit område også ta med nye aktørar når politikken skal formast, t.d. frivillige organisasjonar

For dokumentet som er ute til høyring, er det gitt ein tidsfrist for kommentarar ut februar neste år. Fylka får det ut til høyring i desse dagar og skal gi tilbakespel til Kommunal- og regionaldepartementet.

Betre samarbeid og samordning mellom sektorane – særleg i grisgrendte strok – ja, det kan vere at EU har tiltak som også kunne gjort nytten hjå oss? Kan dokumentet bidra til å styrke debatten i Norge om desentraliering av makt og ei betre samordning av sektorane? Kva er våre sårbare samfunn og har vi ei medvita halding til at dei har ein sjølvstendig verdi? Kva betyr klimaspørsmåla i høve spreidd busetnad?

Les heile høyringsdokumentet på engelsk

mandag 24. november 2008

Sjømat i Brussel


© Inge DøskelandTorsk eller blåskjel? Cabillaud eller Moules et pommes frites? Det er slett ikkje lett å finne ut av menyen når fransk er talemålet, når servitøren tykkjer du bør klare verdsspråket og du sjølv har ein rusten artium frå urtida. Men eg har funne ut at ein kjem langt med Cabillaud eller Moules et pommes frites dersom målet er eit godt fiskemåltid. Og eit godt fiskemåltid bør du unne deg om turen går til EU-hovustaden Brussel.

Heime på Vestlandet balar vi framleis med å produsere blåskjel i Sognefjorden. I Brussel er dei komne eit steg lengre i næringskjeda. Her får du servert ein stor bolle med blåsvarte blåskjel. På kjøkenet startar prosessen med at kokken tek fram ein kasserolle, denne får ein god vin i botnen, masse selleri, kanskje litt kvitløk og kalde, nyvaska blåskjel oppi. Når skjela har dampkokt så lenge at dei opnar seg, er retten klar for servering. Så enkelt, og så godt. Attåt får du kanskje loff, men aller helst pommes frites.

Kombinasjonen av blåskjel og pommes frites er ein belgisk spesialitet. Belgiarane har like godt slege saman namna - Moule som er nemninga på blåskjel og pommes frites som vi kjenner att frå nynorsk. Godt, velsmakande og spesielt. Ein kvitvin attåt også, så er livet godt å leve. Brussel er, som du forstår, ikkje berre tørre direktiv og EU-politikk. Sjølv byråkratar blir svoltne, og som fersk hospitant får eg vatn i munnen av alle restauranttilboda.

Byen har eit fiskestrok der dei gode restaurantane står i kø. Bij Den Boer er ein slik stad. Ein enkel, liten restaurant med topp service. Og det var der vi prøvde torsken - Cabillaud. Torsk har eg opplevd som himmelsk både i Florø, Kalvåg og på Hafslo. Men på Place St. Catherine var det verdige konkurrentar: Gode kokkar - fine råvarer - og dei rette tilsetjingane. Vi fekk eit perfekt stykke torsk servert på ei seng av spinat, potetpure, finhakka løk og paprika. Pris? Tja, om lag kr 220 for hovudretten. Prøv Cabillaud neste gong du er i det fransktalande Europa.

torsdag 20. november 2008

Nær makta

Nær 300 europeiske regionar har kontor i Brussel. Seks av desse er norske regionkontor. Kontora skal vere døropnarar og lyttepostar, informasjons- og kontaktformidlarar og skal også gi prosjektinspirasjon og –informasjon. Kommunikasjonen går mellom Noreg og EU, men også mellom regionkontora.

Alle fylka er med i eitt av dei norske regionkontora. Sjølv er eg for tida hospitant ved Vest-Norges Brusselkontor. Kontoret er slett ikkje stort. Vi har éin direktør, éin trainee – og underteikna. Jobben vår er å sjå Møre og Romsdal, Hordaland, og Sogn og Fjordane i eit EU-perspektiv. Vi held til i same huset som den norske EU-delegasjonen og ambassaden. Kontakten er lett og nær.

Og det er nok viktig. I ei undersøking som Norsk institutt for by- og regionforskning (NIBR) nyleg gjorde, synte det seg at 73 % av alle kommunale avgjerder er baserte på føresetnader som EU har gitt. Derfor er nokre av dei primære oppgåvene til kontoret å tilby kompetanseheving gjennom studiebesøk, seminar og ved å handtere førespurnader. I tillegg blir det to gonger i månaden utarbeidd nyhendebrev frå kontoret.

Utanrikskomiteen i Stortinget har streka under at forholdet til EU ikkje kan reknast som ei rein utanrikspolitisk sak. I fjor slo dei fast at EU sin politikk nå grip inn i alle sider ved det norske samfunnet – også dei som tradisjonelt har vore innanrikspolitiske.

Den nære kontakten i Brussel kan illustrerast ved at vi førre veke møtte EU-delegasjonen og vart orientert om dei sakene som stod øvst på dagsorden der. Kontoret møtte kommisærane for kommunikasjon og fisk/sjøfart. Denne veka skal utanriksministeren orientere det norske miljøet om emnet ”Hvordan fremme norske interesser i Brussel?”. Seinare på dagen får vi høve til å drøfte problemstillinga kring dei 73 % med KS sin utsende. Kva tiltak kan gjerast for at norske kommunar betre kan forstå og helst også ta del i prosessane før reglane blir dregne ned over øyrene på dei? Eit eige lunsjmøte med den norske EU-råden for regionale saker høyrer også med. Eit anna tema denne veka er planane som EU nå drøftar om regional utviking i grisgrendte strok. Dette er ei dagsaktuell sak som leiaren av kontoret nå skriv si innstilling på til Vestlandsrådet.

NIBR konkluderer med at forholdet til EU blir stadig viktigare for kommunane. Kommunepolitikken sitt innhald er i vesentleg grad endra som ein konsekvens av EØS-avtalen. Det blir hevda at norsk gjennomføring av EU-politikk gjennom EØS-avtalen delvis er dårleg tilpassa lokale forhold i Noreg. Det blir også nemnt behovet for avanserte løysingar i kommunesektoren som t.d. innan regelverk om vassforvaltning og avfallshandtering.

Det er spennande å sitje nær denne makta som i aukande grad legg premissane for korleis vi utviklar oss. Det er utfordrande korleis vi kan påverke for at også våre interesser blir tekne best mogeleg vare på. Spørsmålet vi må stille oss, er om vi nyttar nok tid på å følgje med. Her skal Brussel-kontoret vere hjelparen, men det stiller også krav til mottakaren.