torsdag 20. november 2008

Nær makta

Nær 300 europeiske regionar har kontor i Brussel. Seks av desse er norske regionkontor. Kontora skal vere døropnarar og lyttepostar, informasjons- og kontaktformidlarar og skal også gi prosjektinspirasjon og –informasjon. Kommunikasjonen går mellom Noreg og EU, men også mellom regionkontora.

Alle fylka er med i eitt av dei norske regionkontora. Sjølv er eg for tida hospitant ved Vest-Norges Brusselkontor. Kontoret er slett ikkje stort. Vi har éin direktør, éin trainee – og underteikna. Jobben vår er å sjå Møre og Romsdal, Hordaland, og Sogn og Fjordane i eit EU-perspektiv. Vi held til i same huset som den norske EU-delegasjonen og ambassaden. Kontakten er lett og nær.

Og det er nok viktig. I ei undersøking som Norsk institutt for by- og regionforskning (NIBR) nyleg gjorde, synte det seg at 73 % av alle kommunale avgjerder er baserte på føresetnader som EU har gitt. Derfor er nokre av dei primære oppgåvene til kontoret å tilby kompetanseheving gjennom studiebesøk, seminar og ved å handtere førespurnader. I tillegg blir det to gonger i månaden utarbeidd nyhendebrev frå kontoret.

Utanrikskomiteen i Stortinget har streka under at forholdet til EU ikkje kan reknast som ei rein utanrikspolitisk sak. I fjor slo dei fast at EU sin politikk nå grip inn i alle sider ved det norske samfunnet – også dei som tradisjonelt har vore innanrikspolitiske.

Den nære kontakten i Brussel kan illustrerast ved at vi førre veke møtte EU-delegasjonen og vart orientert om dei sakene som stod øvst på dagsorden der. Kontoret møtte kommisærane for kommunikasjon og fisk/sjøfart. Denne veka skal utanriksministeren orientere det norske miljøet om emnet ”Hvordan fremme norske interesser i Brussel?”. Seinare på dagen får vi høve til å drøfte problemstillinga kring dei 73 % med KS sin utsende. Kva tiltak kan gjerast for at norske kommunar betre kan forstå og helst også ta del i prosessane før reglane blir dregne ned over øyrene på dei? Eit eige lunsjmøte med den norske EU-råden for regionale saker høyrer også med. Eit anna tema denne veka er planane som EU nå drøftar om regional utviking i grisgrendte strok. Dette er ei dagsaktuell sak som leiaren av kontoret nå skriv si innstilling på til Vestlandsrådet.

NIBR konkluderer med at forholdet til EU blir stadig viktigare for kommunane. Kommunepolitikken sitt innhald er i vesentleg grad endra som ein konsekvens av EØS-avtalen. Det blir hevda at norsk gjennomføring av EU-politikk gjennom EØS-avtalen delvis er dårleg tilpassa lokale forhold i Noreg. Det blir også nemnt behovet for avanserte løysingar i kommunesektoren som t.d. innan regelverk om vassforvaltning og avfallshandtering.

Det er spennande å sitje nær denne makta som i aukande grad legg premissane for korleis vi utviklar oss. Det er utfordrande korleis vi kan påverke for at også våre interesser blir tekne best mogeleg vare på. Spørsmålet vi må stille oss, er om vi nyttar nok tid på å følgje med. Her skal Brussel-kontoret vere hjelparen, men det stiller også krav til mottakaren.

3 kommentarer:

Lars sa...

Flott innlegg. Blir interessant å fylgje med vidare i det som skjer innan EU som betyr så mykje for oss alle, og ikkje minst her i fylket.
helsing til dykk begge

Svein Ø sa...

Velkommen i blogg-verda. Dette er eit flott initiativ; kanskje finn du ut at det er så kjekt med blogging at du held fram etter at du er kommen heimatt også?

Ei viktig sak sett frå min ståstad, er korleis me skal få eit betre fotfeste innan EU sitt FoU-område. Her har fylket vårt sakka akterut dei siste åra og eg håpar du brukar posisjonen til å finna ut meir om kva som skal til for å komma i posisjon att. Ein del veit me sjølvsagt, men det vil vera interessant å få høyra korleis det ser ut på nært hald.

magne sa...

Hei!!
Interessant å sjå og høyre frå Brüssel. Helsing til dykk begge.

Magne