mandag 24. november 2008

Sjømat i Brussel


© Inge DøskelandTorsk eller blåskjel? Cabillaud eller Moules et pommes frites? Det er slett ikkje lett å finne ut av menyen når fransk er talemålet, når servitøren tykkjer du bør klare verdsspråket og du sjølv har ein rusten artium frå urtida. Men eg har funne ut at ein kjem langt med Cabillaud eller Moules et pommes frites dersom målet er eit godt fiskemåltid. Og eit godt fiskemåltid bør du unne deg om turen går til EU-hovustaden Brussel.

Heime på Vestlandet balar vi framleis med å produsere blåskjel i Sognefjorden. I Brussel er dei komne eit steg lengre i næringskjeda. Her får du servert ein stor bolle med blåsvarte blåskjel. På kjøkenet startar prosessen med at kokken tek fram ein kasserolle, denne får ein god vin i botnen, masse selleri, kanskje litt kvitløk og kalde, nyvaska blåskjel oppi. Når skjela har dampkokt så lenge at dei opnar seg, er retten klar for servering. Så enkelt, og så godt. Attåt får du kanskje loff, men aller helst pommes frites.

Kombinasjonen av blåskjel og pommes frites er ein belgisk spesialitet. Belgiarane har like godt slege saman namna - Moule som er nemninga på blåskjel og pommes frites som vi kjenner att frå nynorsk. Godt, velsmakande og spesielt. Ein kvitvin attåt også, så er livet godt å leve. Brussel er, som du forstår, ikkje berre tørre direktiv og EU-politikk. Sjølv byråkratar blir svoltne, og som fersk hospitant får eg vatn i munnen av alle restauranttilboda.

Byen har eit fiskestrok der dei gode restaurantane står i kø. Bij Den Boer er ein slik stad. Ein enkel, liten restaurant med topp service. Og det var der vi prøvde torsken - Cabillaud. Torsk har eg opplevd som himmelsk både i Florø, Kalvåg og på Hafslo. Men på Place St. Catherine var det verdige konkurrentar: Gode kokkar - fine råvarer - og dei rette tilsetjingane. Vi fekk eit perfekt stykke torsk servert på ei seng av spinat, potetpure, finhakka løk og paprika. Pris? Tja, om lag kr 220 for hovudretten. Prøv Cabillaud neste gong du er i det fransktalande Europa.

1 kommentar:

Lars sa...

Dette høyrest godt ut. Vi ser alt fram til at du kjem heim att og
viser oss dine kunstar som framifrå kokk!
Her er storm og mykje nedbør i dag, og fleire stengde vegar i utanforlandet. Vi reiser også ein tur sørover, men berre til Kristiansand for å ta i augesyn siste tilveksten i familien. Vi tek nattbussen sjøl om den køyrde av vegen på Hemsedalsfjellet i natt. Helsing til dykk begge.