mandag 19. januar 2009

Europa mot 2020

Komissæren for regional politikk, Danuta Hübner, grublar over korleis regionalpolitikken skal utviklast etter 2013. Ho er ikkje åleine om det. Også utfordringane som ho set opp er til å dra kjensel på:

Klima
Demografi
Energi

Finanskrisa må ikkje føre til at vi misser fokus, la ho til.
Det blir synt at medan aust-vest skilnaden er openberr når det gjeld økonomi, er det nord-sør ein finn ulikskapen når det gjeld sårbarheit. Klima-endringane vil slå mest ut i sør, men gjennomgåande vil høg vasstand vere eit problem for kystområde og ved nærleik til elvar. Men det er også stor otte for at temperatur-stiginga i sør vil slå negativt ut både i høve landbruk og turisme.


Ein tredel av Europa vil vere prega av nedgang i folketalet. Kjenneteikna er gjerne relativt låg inntekt, høg arbeidsløyse og mange sysselsette i dei ”utgåande næringane”. Kommisæren peikar på at i slike område er det relativt få unge og gjerne regionar med lågt vekstpotensiale. Endeleg viser ho til at slike område også har problem med å finansiere lokal infrastruktur – også breiband – noko som gjer ulikskapen stadig større.


Dei regionale skilnadene innan energi vart karakterisert som svært store. På den negative sida nemnde ho land som Italia, Hellas og Polen. Det siste landet vart det hevda nytta 90 % kol.
Når komissæren oppsummerte, var det særleg Spania, Italia, Hellas og Romania som ho meinte hadde dei største problema.


Tilsvaret til EU er eit nytt konsept som dei kallar regional samhørighet. Det handlar om å utvikle ein framtidig regionalpolitikk bygt på fellesskap. Frå kommisæren si side, vart det vektlagt ei integrert tilnærming der forvaltningsnivå og sektorar spelar på lag.Det betyr at sektorpolitkken må svekkast til fordel for meir på-tvers tenking. Ho meinte også at utbygging av infrastruktur i rurale område var ei av utfordringane. Dette gjeld ikkje berre berre transport, men også IKT og offentlege tenester.

Kommissæren oppfordra om at flest muleg tok del i debatten.
Høyringsprosessen på det nye konseptet er i gong. I Norge har Kommunal- og regionaldepartementet sendt det ut til m.a. alle fylkeskommunane med høyringfrist i januar. Eg saknar debatten i Norge. Det er for seint å komme på bana når vedtaka er gjort.

2 kommentarer:

Paal Fosdal sa...

Vi har aldri klart å få til ein god regionaliseringsdebatt i Noreg. Det siste forsøket ebba ut i lite eller ingenting, dvs ein enda opp med å kalle fylkeskommunane for regionar utan påviseleg innhaldsendring. Ikkje eingong dei som starta prosessen sentralt klarte å halde opp motivasjonen etter at Barlindhaug-utvalet hadde gjort ferdig sitt arbeid. Kanskje vart ein skremd av oppdelinga i statleg og regional politikk, med tradisjonelle distriktspolitiske verkemiddel finsikta inn som særskilte tiltak for område med dårlege føresetnader for å klare seg innanfor dei to politikknivåa. Kanskje vart ein skremd at tanken på å måtte avgi sentralmakt til regionar. Kanskje hadde vi kome lenger om vi hadde klart å lausrive oss frå dei tradisjonelle fylkesgrensene. Kanskje hadde vi trengt litt meir sentral styring og litt fleire sentrale krav for å få dette til. Ikkje veit eg, men eg trur ikkje det politiske miljøet i Noreg har ork til fleire rundar med regionutgreiingar. Men ein ting er eg rimeleg sikker på: Kommunestrukturen og kommunestorleiken må vi på eit eller anna tidspunkt ta tak i. Og det trur eg kjem på dagsorden raskt etter neste val.

Oddvar Flæte sa...

Nei, men dette handlar ikkje om ein ny regiondebatt. Det handlar om ei anna fordeling mellom urbane og rurale strok. Europa har til liks med Norge problem med negativt folketal i spreiddbygde område. Ja, problema er fleire stader vesentleg større enn hjå oss.

Det som blir drøfta er å auke innsatsen der det er slett utvikling: Samferdsle, breiband, kulturtilbod og offentlege tilbod treng ein meirinnsats. Og samstundes ønsker ein å sjå over sektorielle grenser.

Slik snunad er ikkje lett. Men EU tek i alle fall debatten. Det er nå den er der, det er nå vi kan medverke, ikkje når vedtaka blir tredd ned over oss. Drahjelp frå EU kan kanskje vere nyttig.

Ein kommentator her nede hevdar at vi stort sett er to år på etterskot med våre debattar.

Elles er det ikkje grunn til å tru at debatten om kommunestruktur kjem etter valet. Den er alt framme i progammet til fleire parti. Vedtaka av desse kjem i vår.