onsdag 21. januar 2009

USA og EU

Det var stort å høyre den nyvalde presidenten i USA leggje fram sin dagorden for ei ny verd. Eit retorisk meistarverk, men samstundes ein open og inkluderande tale som synte eit annleis USA. Og ein president som streka under – yes, we can! Det var emosjonelt sterkt å høyre og sjå den afro-amerikanske presidenten, det var inspirerande å sjå demonstrasjonen av overlevering av makt etter frie val og det var godt å høyre eit Amerika som inviterte til kontakt.

I ei bok som den nederlandske journalisten Geert Mak har skrive om Europa i det 20. århundre, drøftar han den europeiske draumen opp mot det USA står for. Dei mest opplagde føderale oppgåvene som forsvar, utanrikspolitkk ligg direkte og tydeleg hos den sentrale regjeringa medan delstatane har vidtrekkande autonomi i dei fleste andre spørsmål. California har i dag t.d. ein heilt annan miljøpolitkk enn Texas.

I Europa er det stikk motsett, hevdar han Her er det nettopp på detaljområdet det er kome altfor mange reglar medan samarbeidet i opplagtre fellssspørsmål som forsvar og eintydig utanrikspolitkk er på begynnarstadiet. Nettopp grunnlaget for ein føderalstat - budsjettansvaret, utanrikspolitikken og militærmakta, ligg i EU framleis hos nasjonalstatane.

Mak skreiv denne boka i 2003 og har ajourført den noko sommaren 2007.

EU har i dag 27 medlemsland og måler seg ofte mot USA. Og sjølv om dei neppe blir ein føderalnasjon, er det likevel endringar i gong som syner ei tinærming i måten å tenkje på. Unionen veit at dei har eit legitimitetsproblem og leitar febrilsk etter løysingar. Eitt av trekka er at kommisjonen er svekka i høve Parlamentet. Dei skal igjen samspele med ministarrådet. Målet er å komme bort frå ein detaljstyrande union.

Derfor er også felles forsvars- og utanrikspolitkk høgt på dagsordenen, men vanskeleg å ta ned. Derfor ønskjer EU å vere fremst i saker som td klima og energi, men har store indre spenningar. Derfor er felles innsats for å løyse finanskrisa vesentleg, men landa er ulike og regjeringane har varierande politiske plattformar.

Det er nok langt fram før vi kan sitje fjetra føre fjernsynet og sjå innsetjinga av ein europeisk president. Unionen har bygt ned motsetndene I Europa etter den siste verdskrigen. Den har gitt felles reglar og vore ein økonomisk suksess.

President Barack Obama vil finne mange å snakke med i Europa. Men han møter ikkje ein føderasjon.

Ingen kommentarer: