onsdag 28. januar 2009

IKT og organisering

Korleis kan IKT-politikken komme høgare på den politiske dagsordenen i Norge?

I samtalar eg har hatt med folk innan EU-systemet, var det to svar som gjekk att: For mange departement held i deler av politikken og det offentlege må samarbeide nært med næringslivet.

Vi har ein aktiv og pågåande IT-ministar. Engelskmennene ser det likevel i større samanheng: Lord Steven Carter er ministar både for IT, Telecom og Broadcasting. Ei spennande og oppdatert samansetting.

I Norge er Broadcasting Kulturdepartementet sitt område medan Telecom er det Samferdselsdepartementet som styrer. I tillegg har Næringsdepartementet sine domene. Og over det heile ligg Finansdepartementet. Virtuell organisering kan det
knapt kallast.

For oss som brukarar opplever vi eit mangfald innan IT, media og tele der områda er samanvevde. Mobiltelefonen er eitt døme der dei tre områda finn kvarandre, PC både heime og på jobb eit anna. Dei tekniske løysingane gir nye føresetnader og bruksområde.

Og vi kan undrast: Kor høyrer td mobil- og web-tv til – regelverket for kringkasting eller samferdsel? Vi får informasjon gjennom stadig fleire media. Dei finn kvar andre teknisk, men betyr det noko at dei ikkje finn kvarandre organisatorisk?

Ja, i det minste ville det som er felles kome høgare på dagsorden – fordi det vart venta at ein også i politikkutforming ser samanhengar.

Og så det andre svaret: Det offentlege må samarbeide nært med næringslivet.

Ein observatør hevda at næringslivet her er betre støtta enn heime. Tenkjesettet i Norge er gjerne, blir det hevda, at næringslivet gjer det bra og klarar seg på eiga hand. Det fører igjen til at vi resonnerer – korleis skal staten utnytte web 2.0 medan det i EU blir tenkt – korleis kan web 2.0 skape jobbar?

Kanskje han har eit poeng her. Vi ser at det over tid har vore vanskeleg å få engasjement i Norges Forskingsråd når det gjeld bruk av IKT. Men vi ser også at kommunikasjonen kring IKT og næringsliv ikkje er hektisk. I desse krisetider skulle kanskje IKT vore kopla opp mot forsking og innovasjon. Eit betre samspel mellom aktørar frå det offentlege og private kan vere eitt av svara.

I 1974 hadde eg ein kollega som hadde den gilde tittelen holkortsjef. Da var det vanskeleg å tenkje seg at eg kunne sitje ved ein PC i Brussel og leggje inn denne bloggen sjølv.

Verktøyet har hatt ei rivande utvikling. IKT er i seg sjølv grensesprengande. Det fortener å komme høgt på den politiske dagsordenen. Organisasjon kan vere eitt verkemiddel.

Kanskje ein tur til England kunne gjere susen?

Ingen kommentarer: