onsdag 21. januar 2009

USA og EU

Det var stort å høyre den nyvalde presidenten i USA leggje fram sin dagorden for ei ny verd. Eit retorisk meistarverk, men samstundes ein open og inkluderande tale som synte eit annleis USA. Og ein president som streka under – yes, we can! Det var emosjonelt sterkt å høyre og sjå den afro-amerikanske presidenten, det var inspirerande å sjå demonstrasjonen av overlevering av makt etter frie val og det var godt å høyre eit Amerika som inviterte til kontakt.

I ei bok som den nederlandske journalisten Geert Mak har skrive om Europa i det 20. århundre, drøftar han den europeiske draumen opp mot det USA står for. Dei mest opplagde føderale oppgåvene som forsvar, utanrikspolitkk ligg direkte og tydeleg hos den sentrale regjeringa medan delstatane har vidtrekkande autonomi i dei fleste andre spørsmål. California har i dag t.d. ein heilt annan miljøpolitkk enn Texas.

I Europa er det stikk motsett, hevdar han Her er det nettopp på detaljområdet det er kome altfor mange reglar medan samarbeidet i opplagtre fellssspørsmål som forsvar og eintydig utanrikspolitkk er på begynnarstadiet. Nettopp grunnlaget for ein føderalstat - budsjettansvaret, utanrikspolitikken og militærmakta, ligg i EU framleis hos nasjonalstatane.

Mak skreiv denne boka i 2003 og har ajourført den noko sommaren 2007.

EU har i dag 27 medlemsland og måler seg ofte mot USA. Og sjølv om dei neppe blir ein føderalnasjon, er det likevel endringar i gong som syner ei tinærming i måten å tenkje på. Unionen veit at dei har eit legitimitetsproblem og leitar febrilsk etter løysingar. Eitt av trekka er at kommisjonen er svekka i høve Parlamentet. Dei skal igjen samspele med ministarrådet. Målet er å komme bort frå ein detaljstyrande union.

Derfor er også felles forsvars- og utanrikspolitkk høgt på dagsordenen, men vanskeleg å ta ned. Derfor ønskjer EU å vere fremst i saker som td klima og energi, men har store indre spenningar. Derfor er felles innsats for å løyse finanskrisa vesentleg, men landa er ulike og regjeringane har varierande politiske plattformar.

Det er nok langt fram før vi kan sitje fjetra føre fjernsynet og sjå innsetjinga av ein europeisk president. Unionen har bygt ned motsetndene I Europa etter den siste verdskrigen. Den har gitt felles reglar og vore ein økonomisk suksess.

President Barack Obama vil finne mange å snakke med i Europa. Men han møter ikkje ein føderasjon.

mandag 19. januar 2009

Europa mot 2020

Komissæren for regional politikk, Danuta Hübner, grublar over korleis regionalpolitikken skal utviklast etter 2013. Ho er ikkje åleine om det. Også utfordringane som ho set opp er til å dra kjensel på:

Klima
Demografi
Energi

Finanskrisa må ikkje føre til at vi misser fokus, la ho til.
Det blir synt at medan aust-vest skilnaden er openberr når det gjeld økonomi, er det nord-sør ein finn ulikskapen når det gjeld sårbarheit. Klima-endringane vil slå mest ut i sør, men gjennomgåande vil høg vasstand vere eit problem for kystområde og ved nærleik til elvar. Men det er også stor otte for at temperatur-stiginga i sør vil slå negativt ut både i høve landbruk og turisme.


Ein tredel av Europa vil vere prega av nedgang i folketalet. Kjenneteikna er gjerne relativt låg inntekt, høg arbeidsløyse og mange sysselsette i dei ”utgåande næringane”. Kommisæren peikar på at i slike område er det relativt få unge og gjerne regionar med lågt vekstpotensiale. Endeleg viser ho til at slike område også har problem med å finansiere lokal infrastruktur – også breiband – noko som gjer ulikskapen stadig større.


Dei regionale skilnadene innan energi vart karakterisert som svært store. På den negative sida nemnde ho land som Italia, Hellas og Polen. Det siste landet vart det hevda nytta 90 % kol.
Når komissæren oppsummerte, var det særleg Spania, Italia, Hellas og Romania som ho meinte hadde dei største problema.


Tilsvaret til EU er eit nytt konsept som dei kallar regional samhørighet. Det handlar om å utvikle ein framtidig regionalpolitikk bygt på fellesskap. Frå kommisæren si side, vart det vektlagt ei integrert tilnærming der forvaltningsnivå og sektorar spelar på lag.Det betyr at sektorpolitkken må svekkast til fordel for meir på-tvers tenking. Ho meinte også at utbygging av infrastruktur i rurale område var ei av utfordringane. Dette gjeld ikkje berre berre transport, men også IKT og offentlege tenester.

Kommissæren oppfordra om at flest muleg tok del i debatten.
Høyringsprosessen på det nye konseptet er i gong. I Norge har Kommunal- og regionaldepartementet sendt det ut til m.a. alle fylkeskommunane med høyringfrist i januar. Eg saknar debatten i Norge. Det er for seint å komme på bana når vedtaka er gjort.

onsdag 14. januar 2009

Kaldt i sør og varmt i nord

© Solfrid Helvik Det har vore ei undarleg tid. Her sit vi vi frysande og les temperaturane i Norge og forstår lite. I Brussel er det kaldt når det kjem under 0-nivået. Sur trekk, snø på fortoga medan gatene snøgt blir salta. Vinterdekk er dei ikkje vane med i Europa-byen.

Men det som gjer at tankane tidvis blir vendt nordover, er når gradestokken syner –8 og det slett ikkje er isolert til det. Det blir snakka mykje om at vi må tenkje energisparing. Men husa her er ikkje planlagde for kulde. Trekk frå vindauga gjer at stolen bør vere minst tre meter unna.

Derfor gjekk det varme tankar heim da ein kompis teksta og tilbydde meg bjørkeved. Kjekt tilbod, men det er vanskeleg å gjere opp bål midt på stovegolvet. Pipe var ikkje med i planlegginga der vi bur.


8 kalde grader kjennes kor ein bur, men nokon er betre budde enn andre.
Så får eg skunde meg å få sendt dette frå meg sidan vi er i ferd med å komme tilbake til normale tider: 4-8 plussgrader, litt regn og det blir hevda at våren vil merkast alt i februar.

Yr kan fortelje at i alle fall skilnadene er på veg til det normale.

tirsdag 6. januar 2009

Kva er rett?

Korleis kan ein måle utviklinga i ein region eller eit fylke? Svaret er slett ikkje lett å finne, sjølv ikkje for dei som er opptekne av korleis det står til. Ulike indikatorar blir nytta, men desse kan gje resultat som ikkje stemmer med verkelegheita. EU klør seg i hovudet for å finne fram til metodar for å måle utviklinga når ulike geografiske område skal samanliknast.

Så langt er det bruttonasjonalproduktet (BNP) som har vore mest nytta som indikator. BNP fortel at det har vore stor framgang i Irland, men fortel ikkje at framgangen er ujamnt fordelt.


Ei arbeidsgruppe i Regionalutvalet til EU peikar på at det bør takast omsyn til demografisk struktur, busetnadsmønster, arbeidsmarknad, servicetilbod, geografiske forhold, urbane og rurale forhold, naturlege og kulturelle forhold og klimamessige faktorar. Alle desse faktorane, blir det hevda, har påverknad på den økonomiske og sosiale utviklinga. Det bør derfor utviklast kriteria i ei korg som vektlegg alle desse faktorane. Og vi ville sikkert også lagt til folketalsutvikling.

Drøftinga endar ikkje i nokon konklusjon, meir eit sukk.

Vi kjenner korger i ulike samanhengar. Dei blir til dømes nytta når kommunane får midlar etter objektive kriteria. Likevel er det vanskeleg med visse å seie at løyvingane er rettvise. Det rettvise handlar om kva data du legg inn og korleis desse blir vektlagt i høve til kvarandre. Og det er subjektivt.

Det som skal vere rettvist, må ha eit utgangspunkt. I nokre tilfelle skjer det ved presise politiske føringar, andre gonger blir føringane så mange at det må utøvast skjønn. Det presise kan stundom blir for enkelt.

Geografisk nærleik er ein føremon. For den som gir løyvingane, ville det nok vore lettare og helt alt opp i ei korg. Så kunne dei objektive kriteriane køyre ut svara.