Ved sidan av finanskrisa er det klima og energi som står øvst på dagsordenen i EU. Særleg er det fokus på energi som kan gjenbrukast. EU har heilt klåre ambisjonar: Unionen skal vere leiande i verda og meiner å ha både menneskelege, tekniske og finansielle ressursar til å ta denne leiarrolla.
EU arbeider med fleire pakkar. Målet er semje til møtet i Parlamentet den 17.desember.
Statusrapport frå Kommisjonen kom 28.november. Eit aktivt fransk leiarskap jobbar nå på høgtrykk med å få til kompromiss. Samstundes er det store forventningar til den nye amerikanske presidenten.
Sjølv om det gjerne er reduksjonsmåla som får fokus, er tilpassingsdelen også sentral. For endringane i klimaet er påviselege. EU meiner at dei mest utsette områda i Europa er kring Middelhavet (tørke og varme) og lengst nord. Temperaturauken vil bli høgare i Arktis enn nokon annan stad, medan det i Skandinavia blir mildare og meir nedbør.
Finnane la fram ein strategi for klimatilpassing i mars 2007 medan svenskane var på bana i oktober same året. I Noreg varslar regjeringa at dei ville starte opp arbeidet i vinter.
Det er harde tautrekkingar om kor store usleppsreduksjonane skal vere i kvart medlemsland. Det er uansett eit faktum at vi har passert ein terskel der endringane er godt synlege. Bjerknessenteret har nett levert ein rapport som syner at berre stiginga av havet vil føre til store konsekvensar for oss. Strandtomter får naturleg nok redusert verdi når vatnet skvalpar over. Ekstremvêr er visst noko vi må venje oss til.
I spådommar som blir trekt fram blir det likevel peika på at endringane vil slå ulikt ut i ulike regionar. Og i Noreg ser det ut til at vi alle får det mildare, og sommaren kan jamvel bli tørrare. Det betyr også lengre vekstsesong, meir vasskraft, nye treartar og nye insekt. Og ein turisme i endring. For slik er det: Naturen endrar seg når det blir varmare, gir nye artar, ny vekst og endra føresetnader for oss alle.
EU la i 2007 fram sitt diskusjonsdokument som dei kallar ”Adapting to Climate Change in Europe”. Dokumentet var ute på høyring same året, og det er venta at EU dreg konklusjonar i 2009.
I Noreg er vi i startgropa.
onsdag 3. desember 2008
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
Gratulerer med oppgåva som leiar av utvalet for klimatilpassing!
Eg sluttar meg til gratulasjonen!
Legg inn en kommentar