onsdag 10. desember 2008

Øl

Det er tider da ein må prioritere. Det er tøft, men i år må eg faktisk stå over julebrygginga. Det er utfordrande at det faste laget skal få råde grunnen åleine. Det å avgjere fargevalet og å setje grenser for kor søtt ølet skal vere, det er i grunnen mitt område – men ikkje i år.

I år har eg via meg til ei større sak. Brussel og Belgia handlar ikkje berre om sjokolade, teikneseriar, kniplingar og vaflar. Dei har også eit ukjent tal ølsortar her, og det er på dette fagområdet eg på sett og vis er utskremt medarbeidar frå bryggjarlaget på Leikanger. Ja, på Delirium Cafè blir det hevda at dei har 2000 ulike ølval. Dit torer eg ikkje gå. Det er viktig med grenser.

Men eg har fått det systematisert av ein ivrig øl-skribent som så langt har identifisert 50 klassiske grupper av øl. Han fortel ei rørande historie om at det truleg starta med gardsbrygging på Vestlandet, kunsten gjekk over Nordsjøen til England før det kom hit. Han undrar på kvifor vi nordmenn ikkje lagar øl med molter.

Tenk det! Molteøl! Men så lite molter som eg fann siste året, er det uansett lite aktuelt. Eg er dessutan usikker på om framlegget vil falle i god jord hos ølbryggjarane heime.

Men ølet i Belgia: Du kan starte med å skilje mellom det lyse pilsliknande blonde eller det mørke donker eller bruin. Styrke og farge har ikkje noko med kvarandre å gjere.

Så har du det meir verdsette trappist-ølet der oppskriftene kjem frå munkar. I Belgia er det seks slike kloster og alt overskot går til gode føremål som munkane elles tek seg av. Derfor ser dei rart på deg om du er så enkel at du berre bestiller éin øl.

Det er venta at ein smakar på mangfaldet – om det er ein blond eller bruin, ein geuze eller ein abbey. Mange meiner at Duvel er det beste ølet, men det har ein styrke på 8,5 % og ja, -. Du veit.

Det enkle er å ta ein Stella Artois. Da signaliserer du at du er ny i byen. Det mest eksklusive er Trappist. Klosteroppskriftene har merke som Westmalle, Chimay eller Rochefort. Det er forresten dissens blant nordmenn som eg har treft, om kva som er det beste.

Det kvite ølet i Belgia er kjenneteikna av at basisen bygg er bytt ut med kveite. Samstundes får det ein særleg karakter ved at ein tilset sitrusfrukter med Curraco attåt. Ølet er høgt akta, og framkallar som oftast anerkjennande nikk heilt heim til Vestlandet.

Det er snålt, men i belgiske ølsortar er det tilsetningar som vi aldri har komme på under meister Jon si styring på Leikanger. Rett nok har vi fått med oss at vi kan bruke kandis, men krydder, kirsebær, sjokolade, honning eller ulike rotvekstar – slikt har aldri vore i vår fantasi. Kierk er faktisk eit høgt akta øl blant belgiarane – søtt og raudleg – tilsett kirsebær, morellar eller bringebær. Og der andre nyttar mest bygg, så slår belgiarane til med kveite og rug.

Heller ikkje gjæringa er nett som vi er vande med. Her set dei til gjær fleire gonger. Ofte er det også ettergjæring i flaskene. Lambic-ølet blir bryggja utan tilsetning av gjær. Vørteret som vert laga, gjennomgår ein spontan gjæringsprosess i kontakt med luft. Det mest eksklusive og kanskje mest spesielle av denne øltypen, er ein Geuze. Dette ølet kan ha vore lagra i fleire kjellarar og på ulike fat i seks år før du får det servert på baren med det festlege namnet A La Morte Subit (brå død). Det er mykje å lære her, og mykje nytt. Men eg kjenner meg att i tilsetjinga av humle, det styrer kor bittert ølet skal vere. Her brukar dei også gjær til det same.

Eg har nok forstått kvifor bryggjarane heime utan protestar let meg få fri frå julebrygginga i Leikanger. Dei tek for gitt at eg går vitskapleg til verks i belgiske ølslag, og at eg kjem heim med ny vitskap til neste års julebrygging. Enno veit dei ikkje at det meste av kunnskapen har eg googla meg fram til. Eg har mellom anna lært mykje av å lesa det
Torgeir Anda skriv i Dagens Næringsliv. Etter kvart testar eg også det som er skrive. Men det er grenser for kor mykje ein skal ofre for forskinga.

5 kommentarer:

Eksilsogning sa...

Med større og større auge arbeidde eg meg gjennom avsnitt for avsnitt, storleg imponert over den omfattande kompetansen Oddvar har tileigna seg etter nokre veker i Brüssel - kompetanse som sidan skulle overførast, med stor autoritet, til komande husflidsstunder i Sogn.
Difor kom det siste, avslørande avsnittet som ein knytneve i andletet. Dette var kunnskap som t.o.m. ein kvar sunnfjording kunne ha tileigna seg bak PC'en.
Jaja, du er velkomen heim til vårbrygget uansett. Kanskje kan du opparbeida såpass mykje humlekunnskap på belgiske buler at einskilde i laget kan lærast opp til å få eit meir normalt forhold til denne planta ?

Oddvar Flæte sa...

Så mykje har eg lært: Det nyttar ikkje å la humla suse.

Men - ho må vere der i tørka tilstand. Markert og tydeleg.

Elles er eg glad for at eg blir halde på høgde med sunnfjordingar bak PC'en. Der er det mykje gjevt folk.

Oddvar Flæte sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Svein Ø sa...

Det er interessant med fenomenet Belgia og den rike øl-kulturen. Har du funne noko forklaring på kvifor nett Belgia? Kva naturlege føresetnader har dette landet som skulle få fram ein slik variasjon og breidde?

Elles er det både synd og skam
med ølet sin status her i landet, med dei flotte tradisjonane me har. Medan kvar avis med nokolunde respekt for seg sjølv, har ei vinspalte (til og med Sogn Avis!), har eg til gode å sjå ei ølspalte. Øl i Norge er pils, punktum. Her må noko gjerast! (gjærast?)

Oddvar Flæte sa...

Eg har ikkje noko god forklaring. Det er likevel interessant å sjå at det ølet som er rekna for å vere best, er det klostera som sit med oppskrifta på. På den måten har du fått ein viss autoritet frå for oss norske uventa hald.

Ølet er elles sterkare enn vi er vande med. Tilsvarande sterkt øl hos oss må du på polet for å finne. Her ligg det saman med matvarene.

Kanskje statusen til ølet hos oss går tilbake til Håvamål? Ovdrykk osv gir ikkje fagnad.

I dag er det vel vinen som også har teke over for mykje av dei sterkare varene som vart produsert for nokre tiår sidan.

Slik som distribusjonssystemet er i Norge, trur eg nok ein må prøve det heimelaga ølet nær dei bryggjarlaga som fins. Og så får fleirtalet nøye seg med pils.