mandag 15. desember 2008

Neste generasjon internett

Den 24. januar 1996 lanserte vi Fjordinfo i Sogn og Fjordane som særleg skulle arbeide med tenester til offentleg sektor. Det var den første regionale tverrsektorielle internettbaserte informasjonstenesta for fylket ja, truleg den første i landet. Og vi var langt frampå med mange spennande nasjonale og internasjonale prosjekt. Vi fekk også den første skikkelege nettavisa i fylket, Sofie.no. Glimrande redigert av Arne Eithun og heile tida aktuell, men dessverre for tidleg til å hente annonsekronene.

EU-kommisjonen er nå i ferd med å leggje planane for neste generasjonen internett – web 3.0.

Bruk av mobilt internett saman med bruk av radiobrikker er teknologiane som gjer det mogeleg å skape eit nytt internett for utvikling av rimelegare tenester på ulike område.

6. oktober møttest ministrane for å drøfte det framtidige internettet. Fokus var da på fiberutbygging, utviking av nye tenester og styring av det framtidige internettet. Dette vart så lagt fram på Kommisjonen sitt møte den 27. november saman med ein kompromissversjon av ein ny telekompakke.

Og her er vi inne på politikk: Telekompakken er eit omfattande framlegg til reform av regelverket som styrer elektronisk kommunikasjon.

For det skjer store ting innan EU sine overordna organ nå: Unionen ser at breiband har vore ei av dei viktigaste drivkreftene for utviklinga av samfunnet. Samstundes ser dei at teknologiske tendensar med svært snøgge, trådlause teknologiar vil stø opp om endringane saman med bruk av radiobølgjer og brukarskapt innhald

Også her tek EU sikte på å ta ein førarposisjon i utviklinga av neste generasjon internett. Kommisjonen førebur nå eit knippe av tiltak for å vere budd på den neste bølgja innan informasjon. Ei bølgje som aukar i styrke som følgje av veksten i sosiale nettverksaktivitetar Ei endring frå det nokon kallar Web 2.0 for fun til kommersielle, produktivitetsaukande online-tenester. Det som populært blir kalla Web 3.0 (The Internet of Things) står for næringsverksemd, underhaldning og sosiale nettverksaktivitetar med snøgge og sikre nett.

Det nåverande skiljet mellom mobile og faste linjer vil gradvis forsvinne. Vi får the wireless Web der all infrastruktur blir internettaktivert. Disse tendensane vil påverke arbeidslivet og opne for nye forretningsmodellar og arbeidsformer.

Men før vi er der, kjem det eit spennande endringsframlegg for å sleppe inn dei mindre teleaktørane på bana. Overgangen frå kopar til fiber ønskjer kommisjonen skal skje i full konkurranse. Dei har utarbeidt utkast til prinsipp for regulering av fibernettutviklinga slik at konkurrentar skal sleppe til på lågast mogeleg nivå i høve dei dominerande. Rett nok må dei betale eit risikotillegg, men framlegget har naturleg møtt lita entusiasme frå dei store nasjonale. Telenor har heller neppe jubla over denne saka.

Men i mellomtida får vi gle oss over at det er både snøggare og betre tenester undervegs.

2 kommentarer:

Svein Ø sa...

Er det noko eg er rimeleg sikker på, er det at neste generasjons internett, kva det enn blir, ikkje kjme frå EU/Europa. Gi meg namnet på _ei_ verdsomspennande nett-teneste med utgangspunkt i eit europeisk land? [jau, det finst nokre få - Skype m.a., og innsatsen til Linus Torvalds må me heller ikkje gløyma]

Eg trur litt av grunnen er å finna i eit av dei tidlegare innlegga dine. Fastlåste og overbyråkratiserte forskingsprosjekt som ikkje stimulerer til innovasjon, men som er meir å rekna for detaljerte kravspesifikasjonar.

Amerikanarane har eit utdanningssystem og eit akademia som synest svært brukarorientert, i motsetnad til den europeiske tradisjonen som er heller fjernt frå folk.

Nei, USA "eig" nettet, og det er ingen ting som tyder på at det skal endra seg med det første.

Oddvar Flæte sa...

Du har kanskje rett, men eg legg inn desse momenta for Europa:

1.EU har langt fleire innbyggarar enn USA og er meir rurale. Det krev ein annan telepolitikk og det er den dei har teke tak i. Derfor er det også viktig at skiljet mellom faste og mobile liner vil gå bort.
2. I sum er er dei offentlege tenestene betre utbygde i Europa enn i USA. Det stiller i neste omgang krav frå innbyggarane om ein god tilgang. Her vil det gi ei utvikling på eit segment som igjen fører til interessant vekst i Europa.
3. Båe er prega av ei finansiell krise, USA har i tillegg eit par krigar å slite med.
4. Og så får vi trøyste oss med at finnane fekk til Nokia

Historia syner at eigarskap ikkje er evigvarande. Ingen av oss har nemnt Asia.